16. april - 3. mai
Gisle Hannemyr
Eirik Solheim
Debattredaktører
4. mai – 19. mai
Even E. Westvang
Simen Svale Skogsrud
Debattredaktør
19. mai – 12. juni
Petter Bae Brandtzæg
Vibeke Kløvstad
Debattredaktører
19. mai
Delte
meninger
Heidi Grande Røys
Redaktør

Ein kultur for deling og samarbeid

Ein kultur for deling, openheit og samarbeid er heldigvis ikkje ei nyvinning som kom med Internettet. Mengda av dugnader, korps, idrettslag, frivillige organisasjonar og ubetalt kulturarbeid viser at dette er noko ein har gjort frå gammalt av her i landet. Det er noko vi gjer for å yte noko til samfunnet rundt oss. Og kanskje vi gjer det for vår eiga skuld for å kjenne oss nyttige og for å bli sett?

Etter ei lang modningstid der nettet fyrst og fremst har vore prosjektet, verktyet og leikeplassen til dei med sterk teknisk kompetanse, har det modna til ein open arena praktisk talt alle kan bruke. Der dei gamle media la opp til at vi var eit publikum av passive mottakarar, er det som aktive deltakarar og bidragsytarar mange tek nettet i bruk. Vi har i løpet av dei siste tiåra sett framvoksteren av ein ny og kraftig arena for vår kultur for deling, openheit og samarbeid.

Når eg har teke initiativ til denne debatten og til lanseringa av debattboka Delte Meninger, så er det fordi vi treng ein debatt som skjerpar oss både i høve til det offentlege si rolle i å dyrke dei gode moglegheitene som ligg i denne utviklinga, og å møte dei utfordringane ein slik endringsprosess utset samfunnet for. Kva kan det offentlege gjere for å styrkje både truverdige forretningsmodellar og fri innovasjon på nettet? Er standardisering ein reiskap for politisk styring av utviklinga av internett? Kva er nettnøytralitet, og skal og kan det sikrast gjennom regulering?

I debatten som allereie har gått i to veker har eg fått mange gode innspel. Eg ser òg at mange av dykk uttrykkjer sterke meiningar om fildeling og fildelingsmodellar på nettet og korleis offentlege data best kan forvaltast for å skape mest mogeleg verdi for samfunnet. Desse og andre innspel som de har gitt vil eg ta med for å utvikle politikken vidare.

No blir den andre delen av debatten open under tittelen “Demokratisk delingskultur”. Vi legg ut fire nye artiklar:

  • I artikkelen Samfunn i kode deler Skogsrud, Westvang og Staubo sine erfaringar med å byggje nettsamfunna Underskog og Origo i nært samarbeid med brukarane sine. Korleis sørgjer ein for at flest mogeleg opplever at dei har tilgang til samtalane som formar samfunnet?
  • I Moltemyras forbannelse ser Stian Danenbarger på posisjonane selskap som Google og Amazon har teke som samankoplarar av alle dei lause informasjonsdelane på nettet og ser korleis opne standardar kan gi kontrollen tilbake til bidragsytarane.
  • I Jeg skal være med! forklarer Ola Berge korleis opne standardar gjer informasjonssamfunnet tilgjengeleg for alle.
  • I Personvern i deltakerskapte, rike medier diskuterer Gisle Hannemyr moglegheitene for å ta vare på personvernet i ei tid der dei offentlege samtalane i aukande grad flyttar seg til stader der ingen redaktørar eller ver-varsam-plakatar kan røre dei.

Eg følgjer debatten vidare med interesse og ser fram til å lansere papirutgåva av boka 19. mai. Her får de ein unik sjanse til å påverke framtidas politikk på viktige samfunnsområde. Debatten blir betre av at mange får høve til å delta. Inviter gjerne ein venn til å delta, anten du gjer det gjennom e-post, facebook, twitter eller tale. Eg vil kommentere debatten undervegs, utan at eg sit med fasitsvara på dei mange utfordringane som vert tekne opp. God debatt!

Vist 2587 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Skogsrud, Westvang og Staubo skriv i sin artikkel “Samfunn i kode” at :“Vi vil påstå at de fleste av oss fremdeles opplever Den Store Samtalen om Norge først og fremst som en kollektiv enetale en økonomisk og politisk elite fører overfor oss gjennom tradisjonelle enveismedia. Et håp er at verktøy som Origo, Underskog, Twitter, Facebook, Flickr, Blogger, MySpace og nye generasjoner av norske nettaviser kan være med på å jevne ut feltet og gi oss opplevelsen av at alle som bryr seg faktisk har tilgang til samtalene som former Norge”.

I morgon 6.mai skal ein kollega av meg, som allereie er iherdig brukar av både blogg og twitter, gjennomføre eit eksperiment klokka 14-15. Bård Vegar Solhjell skal arrangere den første digitale spørretimen i norsk politikk

Kvifor: Han meiner det er bra om vegen frå deg til ein politikar er kort. Sosiale medier kan gjere det lettare. Han vil forsøke å la folk få stille spørsmål live og uredigert om politikk, slik det er i Stortingets spontanspørretime eller på eit torgmøte i ein valkamp.

Vi veit ikkje heilt korleis det vil gå. Blir det få eller mange spørsmål? Seriøse eller useriøse spørsmål? Fungerer det tekniske? Vil det faktisk påvirke utforminga norsk politikk, slik artikkelforfattarane håpar?

Eg synest Bård Vegar fortener ros for å prøve, og ser med forventning fram til eksperimentet!
Les meir både om kva dette er, og kva reaksjonar han har fått på Bård Vegar sin blogg

Ja, Solhjell går foran som et godt eksempel. I sitt innlegg Nettdebatt sier han: “Kor lenge kan vi gå rundt og klage på at det er usakleg og dårleg? Burde vi ikkje heller erobre arenaen.” Det er den rette ånd! Vi som jobber med å bygge opp disse åpne arenaene har en stor utfordring i å oppnå samtaler med kvalitet – som er relevante for potensielle deltagere, og som ikke degenererer til krangler. Vi bruker mange tekniske og sosiale virkemidler for å oppnå dette, men den magiske oppskriften er det ingen som har funnet. Min erfaring er at vi opplever de aller største løftene i samtalekvalitet når de som har myndigheten deltar og demonstrerer at de lytter.

Samtalen er stengt

Stengt av Alexander S. (tirsdag 16. juni 2009 kl 12).

Nye bilder