16. april - 3. mai
Gisle Hannemyr
Eirik Solheim
Debattredaktører
4. mai – 19. mai
Even E. Westvang
Simen Svale Skogsrud
Debattredaktør
19. mai – 12. juni
Petter Bae Brandtzæg
Vibeke Kløvstad
Debattredaktører
19. mai
Delte
meninger
Heidi Grande Røys
Redaktør

Takk for alle gode innspel

Eg tok initiativet til debattboka fordi eg ynskte ein brei og open debatt om viktige sider ved IKT-politikken. Det viktigaste for meg var å stimulere til ein større refleksjon omkring dei moglegheitene framveksten av delekulturen på nettet gir med tanke på deltaking, openheit og politikken si rolle.

Debatten vart lansert 16. april og skulle vere aktiv i ein avgrensa periode. No set vi ein sluttstrek for denne debatten. Det å halde ein debatt i live over tid krev ressursar, særleg i form av å moderere og leggje til rette for dette. Eg vil rette ein stor takk til dei som har hjulpe meg og departementet med å rigge til denne debatten, og særleg dei ansvarlege redaktørane, Gisle Hannemyr, Eirik Solheim, Simen Svale Skogsrud, Even Westvang, Petter B. Brandtzæg og Vibeke Kløvstad. Eg vil òg rette ein stor takk til alle dykk som har medverka aktivt med innlegg og meiningar, og spesielt Arne Slåttå som har konvertert boka til eBok-format. Innlegga har vorte lese av både politikarar og av byråkratar, og av alle andre som har vore innom nettstaden og følgt med på debatten.

Når vi no oppsummerar er det godt over 500 medlemmer på sona deltemeninger. Det har i alt komme opp mot 30 hovudinnlegg og over 400 kommentarar. Eg er godt nøgd både med talet på innspel og kvaliteten på dei. Alle innspela er seriøse og konstruktive bidrag og viktige kunnskapsgrunnlag for den vidare politikkutforminga. Samstundes som det har vore diskusjon kring konkrete, avgrensa problemstillingar, har denne debatten òg medverka til å løfte fram og identifisere viktige og hittil ukjende problemstillingar.

Dette har vore ein svært verdifull lyttepost. Eg ynskjer å handsame desse innspela på ein grundig måte – det fortener dei. Departementet vil syte for at dei faglege innspela vert følgde opp, òg inn mot dei andre departementa som dei vedkjem. Men det er òg viktig å hauste lærdom frå dette som prosjekt, for å hauste erfaringar frå bruk av sosiale medium og for å utvikle politikken.

Aristoteles har sagt ”Det vi må lære før vi kan gjere det, det lærer vi ved at vi gjer det”. Med boka ”Delte meninger” og debatten frå nettstaden har vi både gjort noko og lært noko av det. Det vil eg følgje opp, og eg håpar at så mange som mogleg ynskjer å delta vidare, så får vi sjå kva som skjer.
Følg gjerne FAD på twitter, eller regjeringa.no for oppdatert informasjon.

Vist 3348 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Takk selv, det har vært flott initiativ fra deg og FAD som jeg håper vi får se flere av i fremtiden.

Samtalen er stengt

Stengt av Alexander S. (tirsdag 16. juni 2009 kl 12).

Nye bilder