16. april - 3. mai
Gisle Hannemyr
Eirik Solheim
Debattredaktører
4. mai – 19. mai
Even E. Westvang
Simen Svale Skogsrud
Debattredaktør
19. mai – 12. juni
Petter Bae Brandtzæg
Vibeke Kløvstad
Debattredaktører
19. mai
Delte
meninger
Heidi Grande Røys
Redaktør

Forord

Last ned dette kapittelet som PDF

På slutten av 1800-talet heldt ein verdskjend tysk fysikkprofessor eit foredrag i Universitetets aula i Oslo. Den tyske professoren var kjend for dei omfattande kunnskapane sine. Etter foredraget kom ein ung norsk student fram til professoren og sa: «Professor, eg har tenkt å kaste meg over studiet av naturvitskap.» Til det svara den tyske professoren: «Det, min unge mann, vil jeg ikke råde Dem til. I naturvitenskapen har vi nu løst de fleste problemer.» Ei fantastisk fråsegn sett gjennom brillene våre. Professoren visste kva han snakka om, for det var ei utbreidd oppfatning at med dei siste framstega i fysikken så fanst det eit sikkert grunnlag for vidare arbeid. Så gjekk det kort tid, og vi såg vitskapspersonar som Max Planck, Albert Einstein og Niels Bohr, og verdsbiletet vårt vart snudd på hovudet.

Då eg tok initiativ til det som vart stortingsmelding nr. 17 (2006–2007), Eit informasjonssamfunn for alle, gjekk vi ut til ei rekkje miljø og bad om råd og innspel til arbeidet. Kva var dei viktigaste utfordringane, og kva burde vi prioritere? Frå ein framståande norsk aktør fekk vi då følgjande råd: «I og med Internett, så er no dei viktigaste grunnleggjande elementa i IKT-utviklinga på plass. No står hovudsakleg implementering og tilrettelegging att. Nokon ny revolusjon kan ikkje forventast.» Det minner om dei tidlegare spådommane som gjekk ut på at Internett ikkje ville vere særleg levedyktig. Ein svensk kulturminister vart midt på 1990-tallet sitert over heile verda for fråsegna si om at Internett var ei døgnfluge.

Det er slett ikkje poenget mitt å hengje ut folk. Mitt poeng er at vi er midt i ei rivande utvikling. Vi er stadig vitne til overraskingar og nyskapingar. Utviklinga må framleis kunne skildrast som dramatisk. Det ser vi til dømes gjennom utviklinga av deltakardrivne, interaktive nettenester (Web 2.0, den sosiale weben). Då Internettpioneren Vint Cerf gjesta Noreg i november 2007, sa han i eit møte i mitt rådgjevande forum når det gjeld IKT-politikk – eNorge-forum – at Internett sin sosiale påverknad og økonomiske suksess kan forklarast gjennom Internett sin arkitektur og design. Det er tre gylne reglar som gjeld: Ingen eig nettet, alle brukar det og alle kan leggje til tenester. Desse skil Internett frå alle tidlegare kommunikasjonsmedium.

Når eg har teke initiativ til denne debattboka, så er det fordi vi treng ein debatt som skjerpar oss både i høve til fenomen vi allereie ser, eksem-pel til dømes knytt til tilgjenge og openheit, men ikkje minst slik at vi kan førebu oss på nye og uventa utviklingstrekk. I kjølvatnet av at brukarane har etablert nye måtar å bruke nettet på, har det vakse fram ein kultur for deling og samarbeid. Dette er eit gjennomgangstema hos dei som medvirkar i boka.

Vi har ein tendens til å skildre ulike sider ved IKT-utviklinga i vendingar som «her ligg Noreg langt framme», «Noreg er i verdstoppen» osb. Sjølv om vi, ikkje minst takka vere velstanden og kjøpekrafta vår, ofte har vore i stand til å skaffe oss utstyr og utvikle system tidleg i høve til andre land, så må vi for einkvar pris hindre at vår oljebaserte velstand gjer oss slappe og sjølvgode i staden for innovative og nyskapande. Vi ser ofte i internasjonale statistikkar at Noreg på mange område ligg godt an, men vi overser òg ofte at sjølv om vi arbeider både hardt og målretta, så er det svært mange andre land som arbeider minst like hardt og målretta som oss.

Ved å utnytte og utvikle nettet sin delingskultur brukar innbyggjarane – frå barn til eldre – nettet på måtar som ville vore utenkjelege for berre få år sidan. Nye måtar å gjere tilgjengeleg og dele informasjon på er ei utfordring både for IKT-politikken vår og for utviklinga av offentlege tenester. Ikkje minst er tilgangen til offentlege data som grunnlag for utvikling av nye tenester ei utfordring for institusjonar som har store delar av inntektene sine frå sal av informasjon. Både forretningsmodellar og tradisjonelt lukka samarbeidsmodellar vert utfordra.

Tittel: “Capilano suspension bridge”
Fotograf: ReefRaff/Payal Vora (San Francisco, USA)
Brukt i hht. CC BY 2.0 Generic, jf:
http://www.flickr.com/photos/payalvora/207288615/

Demokratisk delingskultur

Gjennom innlegga i denne boka set vi søkjelyset på nyskaping og ein demokratisk delingskultur på Internett. Den breie sosiale utviklinga av nettet vert kjenneteikna av deltakardrivne tenester som Facebook, Flickr og Wikipedia. Det er viktig å vere nysgjerrig på kvifor desse tenestene oppnår ein slik omfattande suksess og, ikkje minst, korleis og kvifor innbyggjarane bruker desse nettstadene i så stor grad. Kva slags verdi vil bruken til innbyggjarane av slike nettstader og -tenester ha for framtidas samfunnsmedverknad?

Mediebruken vert i stadig større grad fragmentert, skapande og personleg. Det er imponerande å sjå korleis nettet kan vere med på å skape internasjonale bølgjer med debatt, gjennom potensialet til nettet for medverknad og å nå ut til enorme mengder menneske på kort tid. Korleis skal ytringsfridom vegast mot personvernet på nettet? Korleis legg ein til rette for likeverdig dialog og positiv medverknad i den sosiale weben?

Open, fri og tilgjengeleg

Ei gjennomgåande oppfatning hos dei som medvirkar i denne boka er at Internett oppstod som eit populærfenomen fordi det er utvikla gjennom teknologi som var open, fri og tilgjengeleg. Kva kan det offentlege gjere for å styrkje både truverdige forretningsmodellar og fri innovasjon på nettet? Og kva forretningsmodellar bør gjelde for tilgang til offentlege data?

Sjølv om vi i Noreg er i front i Internett-utbreiing, bruk og løysingar, så har vi ingen garanti for at det vil fortsetje. Vil til dømes norske aktørar utan vidare klare seg i ein beinhard global konkurranse? Er dette ei utvikling kor «styresmakter» bør engasjere seg? Er i så fall standardisering ein reiskap for politisk styring av utviklinga? Utviklinga innan bruk av breiband har sett eit omgrep som «nettnøytralitet» på dagsordenen. Kva ligg i dette omgrepet, og er det mogeleg å sikre nøytralitet gjennom regulering?

Nettet har gitt folk flest ei plattform som gjer det mogeleg å spreie og dele ulike former for kulturuttrykk som bilete, musikk, film eller kunst på måtar som ikkje eksisterte for kort tid sidan. Dette viser at vi må tenkje nytt både i høve til eigarskap og distribusjon. Kva inneber fri programvare og Creative Commons og dei nye forretningsmodellane som desse gjer mogeleg? Og korleis skal vi sikre at den norske kulturarven kjem på nett og vert tilgjengeleg for alle?

Barn og unge i nettverkssamfunnet

Utviklinga på Internett har skapt heilt nye vilkår, mogelegheiter, farer og utfordringar for den oppveksande generasjonen. Viktige problemstillingar i boka handlar om korleis vi bør vareta rettane til barna. Dette handlar til ein viss grad om regulering og kontroll, men i like stor grad om utdanning og utvikling av kompetanse hos dei unge.

Kva er nettverkssamfunnet sine krav til kompetanse og, ikkje minst, kompetanseutvikling? Med «dataalderen» skjedde det noko fundamentalt nytt: Å kunne symje, å kunne sykle, å kunne køyre bil, å kunne rekne eller lese vert alt kjenneteikna av at når vi fyrst har lært det, så sit det, og vi treng stort sett ikkje lære det på nytt. Med datakunnskapar er det annleis: Kvart einaste år skjer nye ting som krev ei kontinuerleg oppdatering av kunnskapar. Det du kunne for tre år sidan, held ikkje i dag! Nye tenester, nye program, nye grensesnitt; Facebook, YouTube, nettbank, billetttingingar — aldri har vi vore vitne til så omfattande krav til kontinuerleg oppdatering for folk flest.

Ei utvikling som gjeld alle

For utviklinga gjeld ikkje berre den yngre generasjon. Når statsministeren, Jens Stoltenberg, legg ut profilen sin på Facebook, så skaper det fagnad i vide krinsar. For ein «cool» statsminister vi har. Men det skaper skjelvingar i det byråkratiske etablissementet! Kva vil dette eigentleg ha å sei? Er det statsministeren som er på Facebook, eller er det privatpersonen Jens Stoltenberg? Er det mogeleg å skilje mellom dei to? Og kven er det som har ansvar for å svare på spørsmål og meldingar? Dersom det er statsministeren, korleis påverkar dette forholdet til reglane og rutinane til forvaltninga? Om så alle statsrådane går på Facebook, er det då ei oppgåve for departementsbyråkratane å følgje opp? Statsministeren sitt initiativ går rett inn i dei problemstillingane som vert reiste i denne boka, og er ein utfordring: Korleis kan vi som privatpersonar, organisasjonar, verksemder og forvaltning føre delingskulturen til Internett vidare?

Ei bok til fri bruk

Med denne boka ynskjer eg å stimulere til ein fri og open debatt om viktige områder ved IKT-utviklinga, som vi alle vert påverka av, uavhengig av kva roller vi måtte ha. Eg ynskjer at så mange som mogeleg, uansett miljø eller kva politisk parti ein måtte høyre til, skal kunne engasjere seg i debatten. Eg vonar på mange innspel og reaksjonar. Desse vil vere viktige i den vidare politikkutviklinga.

Oslo, mars 2009

Vist 2215 ganger.