16. april - 3. mai
Gisle Hannemyr
Eirik Solheim
Debattredaktører
4. mai – 19. mai
Even E. Westvang
Simen Svale Skogsrud
Debattredaktør
19. mai – 12. juni
Petter Bae Brandtzæg
Vibeke Kløvstad
Debattredaktører
19. mai
Delte
meninger
Heidi Grande Røys
Redaktør

Viser arkivet for stikkord patent

Folkebiblioteket 2.0

I dag har dei fleste biblioteket inne i stova, på kontoret og i reiseveska. På PCen har vi eit univers av bøker, oppslagsverk, lydbøker, musikk og filmar lett tilgjengeleg og like gratis som på biblioteket. Den einaste skilnaden er at det er lov å køyre til biblioteket, låne eit eksemplar, køyre heim, ta kopi av det du vil lese, høyre eller sjå, konvertere det til eit format som passar deg, og køyre attende med papiret eller plasten. Å laste det same ned frå nettet ferdig konvertert til formatet du kan bruke er forbode. Forstå det den som vil. Dette gjev berre meining som sysselsettingstiltak og for å få meir bensinavgift inn i statskassa.

Eg er ein sterk tilhengar av fri konkurranse i ein global marknad. Vi har lover som skal sikre at konkurransen verkeleg er fri, og at monopol ikkje oppstår, med to unnatak. To lover er lagd med motsett føremål, og det er patentlova og lov om opphavsrett. Begge er lagd med gode intensjonar om at vitskaplege framsteg og kulturelle verk skal offentleggjerast mot at opphavsmannen får kompensert med monopol på kommersiell utnytting av oppfinninga eller verket i ein avgrensa periode.

Eg skal ikkje gå i detalj om patent. Patent har sine eigne problem, og er i mange tilfelle med på å bremse framsteget framfor å drive det framover slik intensjonen er. Eit patent kostar pengar, gjeld berre i land der det er søkt og innvilga, og berre i ti år.

Opphavsrett er automatisk og gjeld absurd lenge. Vi kan riste på hovudet når Pål Bang-Hansen vert oppskaka av at Märtha Louise utan å spørre om lov eller gi han pengar, har brukt ei eventyromsetting som far hans gjorde for mange tiår sidan. Eller når ein fjern slektning av Jacob Sande nektar eit band å framføre ny musikk med tekstane hans i ein konsert fordi det er rockemusikk. Ho føretrekk nemleg opera. Slik går det når opphavsretten til eit andsverk skal arvast i tre generasjonar.

Opphavsretten er global, men avtaler om eksklusiv distribusjon har medført merkelege konstruksjonar som ikkje høyrer heime i ein global økonomi med fri konkurranse over landegrensene. Konsekvensar av dette er soneinndeling av DVDar og at ein stor del av musikken på iTunes berre kan kjøpast i enkelte land.

I tillegg gjeld opphavsretten for privat ikkje-kommersiell bruk. Til dømes fildeling og utskrifter eller kopiar til privat bruk. Ein har til og med oppretta fond og organisasjonar som skal påsjå at når det føregår kopiering til privat bruk, skal opphavsrettorganisasjonar ha kompensert. Slik har vi fått samfunnsvorter som Kassettavgiftsfondet og Kopinor, som tek pengar for varer folk ikkje har kjøpt og ofte ikkje vil ha.

For at ein student ved Universitetet i Oslo skal kunne skrive ut oppgåver han sjølv har skrive, skal Kopinor har pengar. Studenten, som har opphavsretten, ser sjølvsagt aldri meir til dei pengane. Dei går kun til etablerte forfattarar. Tilsvarande må lokale radiostasjonar for studentar og andre betale titusenvis av kroner til TONO kvart år, utan at TONO spør kven som har opphavsretten til musikken dei har spelt. Det er NRK, P4, Radio1 og Kanal 24 som bestemmer kven pengane går til, og deira musikksmak overlappar ikkje med studentradiokanalane.

Årsaka til denne floka er at særinteresseorganisasjonar har fått alt for stor makt. For 150 år sidan prøvde forlagsbransjen å stanse folkebiblioteka. Kven ville vel kjøpe bøker når folk kunne låne dei gratis på biblioteket? Heldigvis var folkestyret den gongen sterkare enn forlags- og forfattarorganisasjonane. Ved seinare runder har derimot organisasjonane klart å kare til seg pengar som dei aldri skulle hatt. No må folket settje foten ned og fortelle at bibliotek og ikkje-kommersiell privat bruk må vere gratis og utan byråkratiske eller økonomiske vegsperringar.

Skal opphavsmannen ha kompensert for fildeling og kompensasjonen fastsettjast som ein del av marknadsverdien, er saka enkel. Einkvar fjortis med datamaskin kan dele filer. Korkje eksemplarframstillinga eller distribusjonen over heile verda kostar noko. Marknadsverdien av eit slikt produkt er null. Spør einkvar økonom. Ein brukt REMA-pose har større marknadsverdi enn ei fil ein har fått gjennom fildeling på nett. Det er ikkje forteneste i nokon ledd. Produktet har kun verdi som reklame. Kanskje nokon av mottakarane kjem for å høyre konserten, sjå filmen på kino eller kjøpe boka for å lese resten på papir.

Det er opplagt for dei fleste at opphavsretten ikkje fungerer som tenkt og må skrivast om. Denne gongen må det gjerast rett utifrå den opprinnelege idéen om folkeopplysning, og utan innblanding frå særinteressegrupper som forfattar-, musikar- og bransjeorganisasjonar, som berre er ute etter meir pengar og utvida monopol. Ein idé kan vere å samkøyre patent- og opphavsretten, la begge delar vere styrt av eit overnasjonalt organ, og la all ikkje-kommersiell privat utnytting av oppfinningar og andsverk vere fri. Det er i vitskapens og kulturens interesse at oppfinningar, bøker, musikk og filmar vert publisert. Difor treng vi dessverre ein patent- og opphavsrett som vernar retten til å utnytte oppfinninga eller verket kommersielt i ein periode. Dei same omsyna og omsynet til fri global konkurranse gjer at retten må vere strengt avgrensa. Både i tid og med ein klår definisjon av kva som er kommersiell utnytting. Ti år er for lenge med dagens raske utvikling innan både vitskap og kultur.